Minneforestilling Minneblogg Forskning Prosjektet Folk i prosjektet Siste nytt Bruksanvisning

Minneblogg

Dette er minnebloggen vår. | Tilbake til oversikt
Køntrinatt
Minne fra Gunnar Foss (2010-11-11)

Eg hadde to netter i blokka ein sommar for noen år sidan, begge gongane etter utilsikta sjølvskading, men veit ikkje heilt om mine erfaringar den gongen berre blir til fordel og oppreising for eit bygg som no er på fallande fot. Eg måtte ligge stein still og flat på ryggen i 6-7 timar for å få skylt auga, og slikt er både ei fysisk og mental påkjenning, iallfall for min arme kropp. Neddopa på paralgin forte og valium fekk eg ei sånn radiopute å roe meg ned på. Den hadde tre kanalar: 1. Rockegalla på NRK1, 2. Køntriparade på NRK3, og 3. Svensktoppar på ein lokal kanal. Enda eg kan forstå behovet mange kan ha for lette og ukompliserte stimuli som motvekt mot smerter og tunge tankar, kunne eg nok ha ønske litt større variasjon i programtilbodet... Eg hadde håpa på noko klassisk frå NRK2s nattradio og spurte etter det, men fekk til svar at dei tre tilgjengelige kanalane var det som folk ville ha. Så da så. Men eg var sjølvsagt glad for å bli teken hand om og forskriftsmesseig behandla. Etter eit par døgn ute i det frie liv, gjekk også narkorusen ut av kroppen, slik at eg nok vart mindre til bry, men samtidig også mindre til latter og gaman for resten av familien. Og fire veker seinare var det ei ny natt med full reprise. Men da visste eg kva eg gjekk til, og kunne møte både kuren og programpakka med stoisk ro, som ein erfaren og herda pasient.