Om å bli vaksen |
Minne fra Rolv N. Jakobsen (2010-08-28) Far min fekk sitt andre hjarteinfarkt. Han hadde slutta å røyke. Offisielt. I alle høve så lenge han var på sjukehuset. Eg gikk på gymnaset. Under heile oppveksten min visste eg at det luraste tidspunktet for å be faren min om pengar til kino, bøker eller Airfix, var akkurat då når far min hadde lagt seg på sofaen i stua og var i ferd med å legge vekk pocketboka for å sove middag. Eg spurta, han tok lommeboka ut av baklomma med høgre hand, tok ut ein tikroneseddel eller kanskje to og gav til meg som stod og tok i mot med mi høgre hand. Da eg kom opp på hjarteposten, låg far mi i ei seng i eit firemannsrom. Han hadde kvite sjukehusklær på, men elles lag han som om han skulle sove middag. Eg sa hei, han sa hei, etter ei stund spurte han om eg hadde noko pengar til lesestoff og røyk. Eg tok opp lommeboka frå baklomma og tok ut tjue kronar og gav han sedlane mens han låg der. Akkurat da var det noko som vippa. Og eg tenkte, eller kroppen tenkte, at no er det eg som må ta ansvaret. Frå no av er det kanskje eg som må sørge for at faren min får røyk og at mora mi ikkje får vite om det. Akkurat då vippa det. |