Minneforestilling Minneblogg Forskning Prosjektet Folk i prosjektet Siste nytt Bruksanvisning
Mitt minne
Minne fra Kari V. (2010-10-07)

Brureparet er på veg ut, akkompagnert av Mendelssohn. Eg har nettopp lyst
velsigninga. Så kjenner eg at noko skjer. Det renn. Eg ser blod på teppet.

Organisten hiv seg rundt, ber meg innta baksetet i bilen og gir full gass.

Eg ringer og seier kor eg er på veg. Organisten fører meg inn på legevakta på Regionssjukehuset. Mannen min dukkar opp. Eg blir pakka inn og lagt på båre.

Ei lege kjem, gir meg handa og ber oss om å følgje henne. Ein portør trillar. Vi tek heisen ned i underverda, - ned i ein kjellar med lange, tronge gongar. Legen har eit kjempestort nøkkelknippe og ho forsøker med ein av nøklane. Nei, feil dør! Nei, ikkje den døra heller. Vi trillar fram og tilbake gjennom ein labyrint av endelause underjordiske korridorar, prøver her og prøver der. Legen er fortvila og fortel at dette er første arbeidsdagen hennar på sjukehuset, og dessverre hugsar ho ikkje kva rom vi skal inn på. Endelig, finn ho visst rett dør, for innafor stod det ultrakontroll - apparatet ho trengde. Etter fem minutt konstaterer ho at det stadig er liv inne i meg. Det er eit hjarte som slår. Eg blir trilla inn i heisen og køyrt oppover og lagt inn på eit lysegult rom som eg vil kalle livmorrommet: Vi låg der, unge damer og det eg då synes var gamle damer, - med det til felles at livmødrene hadde sår.”Korfor e du her då?” ”Nei, altså…”
Eit halvt år etter vart Johanne født på fødeavdelinga som no er rive. Ho var, forunderleg nok, heil og frisk.

1 kommentar(er):
Så fint!
Skrevet av Greta Hjertø (2010-10-07)

Så stor en glede når det går bra.



hoyblokka@hoyblokka.no